Hopp til innhold

Haustmøtet 2020

Laurdag 24. oktober inviterer Sogn og Fjordane Skikrins til Haustmøte i Førde og Idrettens Møteplass. Informasjon er oppdatert 22.10.2020.

For fjerde året på rad legg skikrinsen sitt Haustmøte til Idrettens Møteplass. 

Stad:
Førde, Førdehuset

Tidspunkt:
Laurdag 24. oktober 2020

RAMMEPROGRAM (merk at det kan komme endringar på kort varsel pga. situasjonen med covid-19)

Kl. 09.30: Oppmøte og registrering
Kl. 10.00: Fellesforedrag "Livslang idrettsglede" med Olympiatoppen Vest, Antidoping Norge og Høgskulen på Vestlandet
Kl. 12.00: Lunsj 
Kl. 13.00-16.00: Haustmøtet Sogn og Fjordane Skikrins (fellesdel og greinvise møte)

Kl. 10.00-16.00: Treningssamling på tvers av idrettar for ungdom 12-19 år, inkl. foredrag med Olympiatoppen Vest og Antidoping Norge

PÅMELDING:

Påmeldingsfristen var 19. oktober. Etterpåmelding til Haustmøtet på e-post til ingrid.narum@skiforbundet.no 

Deltakarliste pr. 23.10.2020

IDRETTENS MØTEPLASS 2020

Viktig informasjon i høve covid-19 og smittevern:
Arrangementet vert planlagt i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern. Det vil pr. august 2020 seie at sjuke personar eller personar med symptom på sjukdom skal halde seg heime, at alle må sørge for god hand- og hostehygiene, og avstandsregelen vert halden. Lokala vert lagt til rette slik at avstandsregelen kan haldast. Det vil kome meir informasjon om smittevern for arrangementet. I tillegg må ein vere førebudd på at det kan kome endringar i smittesituasjonen som tilseier at arrangementet kan bli endra, utsett eller avlyst på kort varsel.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
nif-epi04, 04