Hopp til innhold

Foto: Norges Skiforbund

Sammen om de store prestasjonene

Olympiatoppen Vest inviterer til fellesmøte på Skei tysdag 28. januar for å bli betre kjent med toppidretten i fylket og tankar for framtida.

«Sammen om de store prestasjonene»
Olympiatoppen Vest ynskjer å bli betre kjent med kva som rører seg i toppidretten i Sogn og Fjordane, korleis det er i din idrett og tankar for framtida rundt toppidrett. 

Frå Olympiatoppen Vest kjem dagleg leiar Pia Mørk Andreassen og test- og treningsansvarleg Morten Ivarsen. Dei vil snakke om korleis Olympiatoppen Vest sin region er bygd opp, tankar om talentutvikling og toppidrettssatsing.

Olympiatoppen Vest ynskjer at flest mogleg av idrettsmiljøa blir med på møtet.

Tidspunkt:
Tysdag 28. januar kl. 18.00 – 20.00

Stad:
Thon Jølster Hotell, Skei

Målgruppe:
Aktuelle personar i særkretsane/regionane, klubbmiljø og trenarar 

Påmelding:
Innan måndag 27. januar kl. 10.00 til piamork.andreassen@olympiatoppen.no

Det blir enkel servering, så fint om ein melder frå om eventuelle allergiar i påmeldinga.

nif-epi04, 04