Hopp til innhold

Foto: Norges Skiforbund

Praktisk fagøkt på ski

Bli med på praktisk fagøkt på ski i februar i Nordfjord eller Sogn.

Gjennom skikrinsen sitt prosjekt Utedagen 2020 får lærarar og aktuelle instruktørar i skigruppene tilbod om ei fagøkt/ kurs på ski med ein dyktig kurslærar, Marianne Myklebust.

Her vil ein bli introdusert for spennande øvingar og aktivitetar på ski prega av leik og høg grad av aktivitet til bruk i grunnskulen.

Vi opnar opp for at også andre interesserte kan få delta på fagøkta, og det er kostnadsfritt for alle å delta.

For å nå flest mogleg legg vi opp til den same fagøkta både i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn:

  • AVLYST! Måndag 3. februar 2020: Langeland Skisenter, Gaular/ Førde – kl. 18.00-21.00 (avlyst grunna rådande snøforhold pr. 29.01.2020)
  • Onsdag 5. februar 2020: Ullsheim Skisenter, Stryn – kl. 18.00-21.00
  • Torsdag 6. februar 2020: Sogn Skisenter, Heggmyrane – kl. 11.00-14.00
  • Torsdag 6. februar 2020: Sogndal Skisenter, Hodlekve – kl. 18.00-21.00

Påmeldingsfrist: Utvida til torsdag 30. januar 2020

Meld deg på her

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI01, 01
NTB