Hopp til innhold

Praktisk fagøkt på ski

Bli med på praktisk fagøkt på ski i Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn 25. og 26. januar 2021.

Gjennom skikrinsen sitt prosjekt Utedagen 2021 får lærarar og aktuelle instruktørar i skigruppene tilbod om ei fagøkt/ kurs på ski med dei dyktige kurslærarar.

Her vil ein bli introdusert for spennande øvingar og aktivitetar på ski prega av leik og høg grad av aktivitet til bruk i grunnskulen.

Vi opnar opp for at også andre interesserte kan få delta på fagøkta, og det er kostnadsfritt for alle å delta.

For å nå flest mogleg legg vi opp til den same fagøkta både i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn:

  • Måndag 25. januar 2021: Breimsbygda Skisenter, Utvikfjellet – kl. 11.00-14.00
  • Måndag 25. januar 2021: Langeland Skisenter, Sunnfjord – kl. 18.00-21.00
  • Tysdag 26. januar 2021: Sogndal Skisenter, Hodlekve – kl. 11.00-14.00

Påmeldingsfrist: Måndag 18. januar

Etterpåmelding fram til torsdag 21. januar kl. 23.00 dersom plass på kurset (maks. 20 personar ift. smittevernreglar).

Meld deg på her

Kurset vert gjennomført iht. gjeldande råd for smittevern.

Retningslinjer for kursdeltakarar:
• Er du sjuk eller har symptom på sjukdom kan du ikkje delta på kurset
• Hald minimum 1 meter avstand
• Hugs god hand- og hostehygiene

Ved spørsmål kontakt Sogn og Fjordane Skikrins:
E-post ingrid.narum@skiforbundet.no
Tlf. 92 60 14 21

NIF-EPI01, 01
NTB