Følg Ungdoms-OL på nett
Torsdag opnar tidenes tredje Ungdoms-OL i Lausanne. Følg Sindre Myklebust (Sogndal IL), Trym Dalset Lødøen (Haugen IL) og Hjalmar Michelsen (Syril IL) live på Olympic Channel.
2 000 deltakarar frå nærmare 75 nasjonar er klare for meisterskapet i Lausanne 9.-22. januar, eit meisterskapet som er ope for utøvarar frå 15 til 18 år. Noreg stiller med 55 utøvarar i 13 disiplinar.
Sindre Myklebust (alpint) og Trym Dalset Lødøen (randonee) skal i elden allereie fredag 10. januar, medan Hjalmar Michelsen (langrenn), som representerer Danmark, går sin første distanse 18. januar.