Hopp til innhold

Nye glade skiløparar

På Vårmøtet og Skikrinstinget laurdag var hovudtema korleis få med fleire i skiidretten.

Tema skapte engasjement og gode diskusjonar både i dei greinvise Vårmøta og på fellesdelen som innleiing til Skikrinstinget. 

Atle Rolstadaas frå utviklingsavdelinga i Norges Skiforbund holdt eit engasjerande og inspirerande foredrag, som m.a. kom inn på suksessfaktorar i rekrutteringsarbeidet.

Forsamlinga kom også med gode innspel: "Tips for å lukkast i rekrutteringsarbeidet" og "Kvifor bli medlem i din klubb?"

I tillegg vart verktøyet "Temakveld Rekruttering" presentert. Dette er eit enkelt og nyttig verktøy i rekrutteringsarbeid i skigruppene, og skikrinsen kan gjerne bistå i gjennomføringa.

Temakveld Rekruttering

Å legge til rette for skiaktivitet som får med enno fleire gjennom barne- og ungdomsåra, er også den raude tråden i skikrinsen sin handlingsplan for 2019-2021, vedtatt på Skikrinstinget.
Skiidretten sin visjon er: «Mange, gode og glade skiløparar».

Referat frå dei ulike Vårmøta og protokoll frå Skikrinstinget vert lagt ut fortløpande.

Les også:

- Skikrinsstyret 2019-2021

- Utmerkingar på Skikrinstinget

- Sparebanken Vest stipend til Åge Solheim

nif-epi04, 04