Kalsetrennet 2019 avlyst
Kalsetrennet 2019, som har vore utsett etter at det ikkje lot seg gjennomføre 24. februar, er avlyst.
Informasjon frå arrangør Førde IL Langrenn pr. 29.03.2019:
Rennet har hatt status som utsett frå opphavleg arrangementsdato 24. februar. Dessverre har løypeforholda også no i mars månad vore av ein slik art at rennet ikkje lar seg avvikle i aktuell trase.
Det har vore gjort forløpande vurderingar undervegs i forhold til å kunne få avvikla dette tradisjonsrike arrangementet - endeleg beslutning pr. 29.03.2019 er at Kalsetrennet 2019 er avlyst.