Hopp til innhold

Bilete av Andrea (midten) og Eirin Fiskaa Haugen (t.h.) frå tidlegare i sesongen (foto: NSF/ Morten V. Eriksen).

God plassering i VM

Eirin Fiskaa Haugen køyrde inn til ein flott 9. plass på sprinten i VM i telemark fredag.

Lustringen var tredje beste norske og følgte dermed opp 12. plassen frå opningsrennet i klassisk torsdag.

Sogn og Fjordane er godt representert under VM på Rjukan med tre sogningar som alle er juniorar. Andrea Fiskaa Haugen og Sara Felde Liljedal har også konkurrert dei to første VM-dagane, der Andrea står med ein 16. plass som best på sprinten og Sara med ein 14. plass som best på klassisk.

Laurdag står parallell på programmet i VM, som kan følgjast direkte på NRK.

Resultat VM Rjukan

NIF-EPI01, 01