Hopp til innhold

F.v.: Mali Monica Engesæter, Kristina S. Hegrenes, Gard Reppen Vigdal og Ingebrigt Nes Hjelle (foto: Liv Jorunn Kleiven).

Ei kjekk Kollen-helg

I helga fekk fire langrennsløparar frå Sogn og Fjordane ei kjekk oppleving i Holmenkollen, der dei fekk vere tett på verdscuprenna og delta på Kong Haralds Ungdomsstafett.

Langrennskomiteen i Sogn og Fjordane Skikrins tek ut lag til stafetten basert på stillinga i SSF Cupen, for å gi ekstra inspirasjon for 15- og 16-åringane som deltek i fylkescupen i langrenn.

Følgjande gjekk på Sogn og Fjordane sitt lag i Ungdomsstafetten søndag 10. mars:

1. etappe: Mali Monica Engesæter, Førde IL (J 15)
2. etappe: Ingebrigt Nes Hjelle, Eid IL (G 15)
3. etappe: Kristina S. Hegrenes, Førde IL (J 16)
4. etappe: Gard Reppen Vigdal, IL Jotun (G 16)

 

 

Ungdomsstafetten er ein mixed stafett over fire etappar à 3,5 km i klassisk for aldersgruppa 15 og 16 år, og har i tillegg eit flott opplegg for heile helga.

Utøvarane fekk vere tett på dei tradisjonsrike verdscuprenna 30 km for kvinner og 50 km for herrer i Kollen, samt Holmenkoll-hopprenna. I tillegg var det bankett laurdag kveld for alle utøvarane frå stafettlaga til alle skikretsane.

Kong Haralds Ungdomsstafett

 

Bileter: Jorunn Liv Kleiven og Kong Haralds Ungdomsstafett.

NIF-EPI03, 03