Hopp til innhold

Bilete av store delar av troppen frå Sogn og Fjordane (foto: Monica Otternes).

Ei kjekk helg på Gålå

Løparane frå Sogn og Fjordane hadde ei kjekk helg på Gålå under Hovudlandsrennet i langrenn.

Saman med 15- og 16-åringar frå heile landet vart det ei helg med god innsats i løypene og kjekke opplevingar for løparane frå Sogn og Fjordane.

På fredagens skøyterenn gjekk Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL inn til ein sterk 6. plass i klasse jenter 15 år. I klasse gutar 16 år kom Magnus Skeide Bakke frå Eid IL på ein fin 34. plass.

Laurdag var det klart for sprint i klassisk og langrennscross. I sprinten gjekk Maren Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL vidare frå prologen (dei 30 beste), og vart nr. 4 i sitt kvartfinaleheat.

Hovudlandsrennet vart avslutta søndag med stafett for jenter og gutar. Her gjekk Sogn og Fjordane sitt 1. lag i jentestafetten inn til ein fin 16. plass. 

Resultat HL 2019 Gålå

Foto: Monica Otternes, Tore Sønnesyn og Liv Jorunn Kleiven.

NIF-EPI03, 03