Hopp til innhold

TD kurs Alpint

NB! Endring av stad for TD kurs. Pga. flytting av SPV Alpinsamling laurdag 16. februar til Sunnfjord Skisenter, Blomlia, vil også TD kurset blir gjennomført her.

Laurdag 16. februar inviterer Sogn og Fjordane Skikrins til TD1 kurs i alpint. Kurset er godkjent for å bli ny TD1, men ope for oppfrisking av eksisterande TD'ar.

Ein oppmodar alpingruppene å stille med kursdeltakarar slik at alle alpingrupper har minimum 2 operative TD'ar som tek på seg oppdrag i skikrinsen dei neste åra. 

Oversikt oppnemnte TD'ar 2019

Tidspunkt:
Laurdag 16. februar 2019, kl. 09.30-15.00
(i samband med U10-U16 SPV samling)

Stad:
Sunnfjord Skisenter, Blomlia.
Kl. 09.30-14: Teoridel - Skyttartun v/ skytebana (like ved Blomlia). Møt opp i Blomlia.
Kl. 14-15: Praktisk ski-del i bakken på ski - Blomlia

Utstyr:
- Matpakke for dagen.
- Skiutstyr for praktisk økt i bakken.
- Ha med eigen PC som ein kan koble opp på nett for teoridelen, eller skrive ut side 38-105 i Rennreglement NSF Alpint

NSF er tomme for TD hefte fordi det kjem nye hefte til hausten, desse vert ettersend kursdeltakarane.

Heiskort for skiøkta:
Dette dekkar ein sjølv/ eller klubben.

Ingen kursavgift.

Kurslærar:
Lars Tennebekk, region TD Norges Skiforbund.

Målgruppe:
Oppnemnde TD'ar på alpinrenn vinteren 2019.
Ny TD'ar.
Arrangørar av krinsrenn alpint.

Påmelding:
Pr. e-post til ingrid.narum@skiforbundet.no

Frist for påmelding:
Onsdag 13. februar 2019

Det er også mogleg å møte opp ved kursstart.

Evt. spørsmål rettast til krinskontoret v/ Ingrid Narum (tlf. nr. 92 60 14 21)

NIF-EPI01, 01