Hopp til innhold

Gjøran Tefre (Foto: NTB scanpix)

Pallplass i norgescup

Gjøran Tefre (Førde IL) viste god form med ein sterk 2. plass i sprint under norgescup på Gålå i helga.

Søndag følgte Tefre opp med ei ny god plassering med 5. plass på 15 km friteknikk. Her gjekk også Jon Rolf Skamo Hope (Hyen IL) godt med ein 10. plass og vart med det tredje beste U23-løpar.

I juniorklassen søndag gjekk siste års juniorane Ane Brekke (Førde IL) og Eskil Hov (Kaupanger IL) gode løp. Brekke vart nr. 19 totalt i kvinner junior 5 km friteknikk, medan Hov fekk ein 23. plass totalt i menn junior 10 km friteknikk.

RESULTAT - FIS GÅLå (Gålåsprinten)

klassevis resultat - Gålåsprinten 2019

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI01, 01