Hopp til innhold

Foto: Norges Skiforbund.

Grasrottrenarkurs rulleski

Fredag 25. oktober inviterer Førde IL Langrenn, i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins, til "Grasrottrenarkurs rulleski" på Langeland.

Tid:
Fredag 25. oktober, kl. 17.30-21.00

Stad:
Langeland Skisenter

Målgruppe:
Grasrottrenar er steget før NSF si trenarløype, og er retta mot kursdeltakarar som skal gi begynnaropplæring på ski eller rulleski. Kurset passar både for nybegynnarar og meir erfarne trenarar.

Kurset egnar seg også godt for allidrettstrenarar, barnehagetilsette og foreldre som ynskjer å jobbe for å skape skiglede og drive ski- og rulleskiopplæring på ein pedagogisk og entusiastisk måte.

Nedre aldersgrense for kursdeltakarar er 15 år (f. 2004).

Kurslærar:
Sondre Bergan, kurslærar NSF

Kurset er gratis.

Grasrottrenar:
Sjølv om målet er å utdanne Grasrottrenarar som kan tilrettelegge og skape skiaktivitet for nybegynnarar, er fleire av elementa ein jobbar med på kurset viktig gjennom heile skikarrieren, frå nybegynnar til seniorløpar. 

påmelding

Påmelding innan onsdag 23. oktober.

NIF-EPI03, 03