Hopp til innhold

Foreldrekurs alpint

Norges Skiforbund i lag med Sogn og Fjordane Skikrins inviterar til foreldrekurs i alpint i samband med Fjord1 Young Attacking Vikings i Harpefossen laurdag 19. januar.

Målet med kurset er å skape eit større foreldreengasjement i alpinbakken ved å gjere foreldre tryggare til å bidra i bakken.

Gjennom kurset får ein kompetanse på å:

  • tilrettelegge for mykje sjølvstyrt aktivitet med smil og entusiasme
  • bruke anlegget meir variert
  • tenke nytt, prøve nytt, i forhold til organisering og aktivitetar

Målgruppe: Foreldre/ føresette og andre interesserte. Kurset har låg terskel for deltaking.

Stad: Harpefossen Skisenter, Nordfjordeid

Tid: Laurdag 19. januar 2019, kl. 10.00-16.30

Påmelding eller ein kan møte opp til kursstart.

Kurshaldarar: Einar Witteveen og Atle Rolstadaas, Norges Skiforbund

Kurset er kostnadfritt (heiskort må ein dekke sjølv). Lunsj ordnar deltakarane sjølv.

RAMMEPROGRAM:

10.00-12.00: NSF-aktivitet (Fjord1 Young Attacking Vikings)

  • Leik i terreng og aktivitetar
    - Parallellslalåm
    - Hinderløype
    - Balanseløype
    - To og to øvingar/aktivitetar/stafettar

NSF stiller med personar som har laga mykje terreng for ulik aktivitet tidlegare. Målet blir å tilpasse og utnytte terrenget for å skape moro og variert aktivitet.

12.00-13.00: Lunsj og teori

  • Aktivitetsmoglegheiter – korleis kan de skape moro og variert aktivitet?

13.00-15.00: Foreldrestyrt aktivitet

  • Kursdeltakarane får prøve seg i å skape aktivitet og tilrettelegge nye idear
  • Støtte trenar og bidra i aktiviteten
  • Råd og tips i forhold til å hjelpe ein trenar
    - Skli og stikke portar
    - Feedback og støtte

15.00-16.30: Teori og diskusjon

  • Rekruttering og korleis vi vil ha det i klubben vår
    - Kva er viktig for eit godt miljø?
    - Korleis ivareta barna si utvikling i eit langsiktig perspektiv?
    - Korleis kan vi saman gjere kvarandre betre (kultur)?
    - Kva er vesentleg og kva er marginalkultur?

Kontaktinfo:
Ingrid Narum, tlf. 92 60 14 21
Sogn og Fjordane Skikrins

Fjord1 Young Attacking Vikings - 19. jan. 2019

nif-epi04, 04