Hopp til innhold

Simon Hjelmeset Kirkeeide på pallen (foto Steinkjer Skiklubb).

Bronse til Simon

Simon Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL tok i dag ein sterk bronse i junior NM i Steinkjer.

Han var knappe halvminuttet bak vinnaren i 18 års-klassa på 10 km friteknikk. Jon Rolf Skamo Hope vart nummer 5 i klasse 19/20 år, og Gyrid Øygard leverte bestenotering med ein 16. plass i klasse 17 år.

Fleire av løparane frå Sogn og Fjordane har levert gode løp, både på dagens distanse og på klassiskløpet fredag.
Resultatlister finn ein på Junior NM 2018 Steinkjer

Søndag er det klart for stafett, og Sogn og Fjordane stiller med både jente- og gutelag.

NIF-EPI02, 02