Hopp til innhold

Illustrasjonsbilete.

Informasjon fluorforbod i langrenn

Informasjon om fluorforbodet i langrenn og oppmoding frå langrennskomiteen i Sogn og Fjordane Skikrins.

Etter Haustmøtet 2018 i Oslo vedtok langrennskomiteen i Norges Skiforbund følgjande:

- Langrennskomiteen i Norges Skiforbund innfører eit fluorforbod i klassane til og med 16 år. Forbodet gjeld frå og med sesongen 2018-2019 og omfattar fluorholdige glidprodukt.

  • Det kan bli testing av fluor i vilkårlege renn for alle klassar til og med 16 år.
  • Det blir ikkje gjennomført nokon form for sanksjonar (disking eller bøter) i denne sesongen, dersom fluor blir oppdaga. Vedtaket er basert på tillit.
  • Dersom det blir påvist fluor på ski som blir testa, vil utøvaren sin klubb bli informert om dette.

Vedtaket vart informert om under Sogn og Fjordane Skikrins sitt Haustmøte Langrenn 27. oktober 2018.

Norges Skiforbund har i etterkant komme med følgjande informasjon: 
Informasjon om innføring av fluorforbod i klassane til og med 16 år (her finn ein også oppdatert liste over fluorfrie produkt).

Oppmoding frå langrennskomiteen i Sogn og Fjordane Skikrins:
Dette er eit klart verdival for alle som er glad i norsk langrenn og vi håpar at alle i langrennsporten i Sogn og Fjordane respekterer fluorforbodet sidan forbodet er basert på tillit.

Sjølv om det blir eit forbod mot bruk av fluorholdige glidprodukt finst det mange dyre produkt på markedet som ikkje inneheld fluor. Langrennskomiteen vil uansett oppmode alle som smør ski for barn og unge under 17 år til å velje billige produkt og begrense antal par ski.

Langrennskomiteen vil også oppmode junior- og seniorklassane til å droppe fluorholdig gildprodukt i krinsrenn og KM. Dette er i tråd med Skikrinsstyret sitt vedtak 11. desember 2017, som oppmoda til at alle arrangement approbert i Sogn og Fjordane Skikrins si terminliste skal vere «fluorfrie».

Langrennskomiteen ynskjer alle i skifamilien ein god sesong med godt skiføre, flotte opplevingar, tøffe konkurransar i løypa, godt fellesskap og nye venskap, og fokus på helse og sunne haldningar.

For evt. kommentarar:
Leiar langrennskomiteen, Oddmund Lefdal (tlf. nr. 91 55 22 10)
Krinsleiar, Finn Årdal (tlf. nr. 97 09 94 54)
Adm. sjef, Ingrid Narum (tlf. nr. 92 60 14 21)

NIF-EPI03, 03