Hopp til innhold

Frå Gålåsprinten 2018.

Gode plasseringar på Gålå

Langrennsløparane frå Sogn og Fjordane leverte fleire gode plasseringar på Gålåsprinten i helga.

Førde-løpar Gjøran Tefre var som venta med i toppen i seniorklassa. På 15 km fri teknikk fredag gjekk han inn til 5. plass bak vinnar Dario Cologna. 

Tefre var ein av favorittane på sprinten laurdag, men denne gongen holdt det ikkje til finale og han rauk ut i semifinalen i eit sterkt felt. Her viste også juniorløparane frå Sogn og Fjordane seg fram der Syril-løpar Erlend Henjesand kom seg til ein kvartfinale i juniorklassa.


Bilde: Erlend Henjesand i kvartfinalen under sprintrennet.

På klassiskdistansen søndag gjekk Eskil Hov (Kaupanger IL) eit solid løp og enda på 15. plass i klasse menn junior 19/20 år.

Alle resultat frå Gålåsprinten 2018 finn ein under.

RESULTATSERVICE

nif-epi04, 04