Hopp til innhold

Young Attacking Vikings - Alpint

Young Attacking Vikings: Mini vikingar med ski på beina Det årlege arrangementet Young Attacking Vikings gjekk av stabelen på Strandafjellet laurdag og over 140 barn deltok!

Kvart år arrangerer Stranda alpin skidag for ei yngste og arrangementet går under namnet Young Attackig Vikings. I år var det over 140 barn som deltok, men arrangøren meldte at enda fleire ville vere med etter at påmeldingsfristen var ute.

Formålet til Young Attacking Vikings er å skape arrangement som appellerer til skiglede for både barn og vaksne. Det skal også vere med å bryte barrierar i forhold til konkurransesituasjonar.

– Dette skal vere ein uhøgtideleg og morosam alpindag, og då særleg for dei yngste, seier dagleg leiar i Stranda alpin Jørund Hagen.

Etter rennet fekk alle deltakarane premiar. Arrangørane håper at mange av dei som fekk prøve seg i bakken også vil vere med i Stranda alpin. Dei har trening kvar torsdag kveld og einaste kravet for å vere med er at ein må ha stått litt på ski frå før og kan ta skitrekket på eiga hand.

NIF-EPI03, 03