Hopp til innhold

Helga 26. - 27. mars vert det trøkk på Voss ski- og tursenter, når Vestlandsmeisterskapen for kretsane sogn og fjordane, Agder og rogaland og Hordaland vert arrangert.

Vestlandsmeisterskap langrenn 26. - 27. mars

Set av helga 26. - 27. mars og meld dykk på Vestlandsmeisterskap i Voss ski- og tursenter. Voss IL gledar seg til å ynskje våre kjære nabokretsar velkomne til ei kjekk langrennshelg.

Om Vestlandsmeisterskapen

Det er i år børsta støv av fjorårets ynskje om Sør-Vest cup. Denne vart ikkje ein realitet i fjor, men i år vert denne erstatta med Vestlandsmeisterskap for dei 3 nabokretsane i vest. Renna er opne for alle aldersklassar og Vestlandsmeistrar vert kåra  frå 13 års klassane og eldre. 

Meisterskapen består av dei 2 individuelle renna Parkrennet 26. mars som går i friteknikk og Vestlandske skistemna som går i klassisk teknikk for dei yngste klassane og i Skiathlon for dei eldste. Sjå meir informasjon om renna og påmelding under. 

Vestlandsmeisterskapen Parkrennet laurdag 26. mars

Vestlandsmeisterskapen Vestlandske skistemna søndag 27. mars

Overnatting

I samband med reisa til Voss, så vil det her oppdaterast overnattingstilbod knytt til arrangementet.

Scandic hotell Voss 

Kvart enkelt lag booker sjølv til meeting@scandichotels.com med referanse: 47955391. 

Pristilbod er 1590,- for enkeltrom inkl. frokost, 1790,- for dobbeltrom inkl. frukost.

Fleischers hotel

Overnattingstilbod Fleischer`s hotel

Voss Vandrarheim

Om dette blir individuelle bestillingar, er romprisen per natt;

Enkeltrom, kr 800, Privatrom for 2p, kr 1 150, Trippelrom, kr 1 350

Privatrom for 4, kr 1 560

Frukost og sengetøy er inkludert. Niste kan smørast frå frukostbuffeen til kr 85 per person. 

Grupper på minimum 12 personer kan forhandstinga 2-rettars middag til kr 215. Restauranten er diverre kun open for forhandstingingar i vinterhalvåret.

Dersom de ynskjer gruppeprisar for overnatting for samla grupperingar på minimum 12 personer, vennligst gi beskjed. 

Booking@vosshostel.com

Andre overnattingsalternativ: 

Besøk Visit Voss - overnatting Voss og omland

NIF-EPI03, 03