Hopp til innhold

Gull til Guro med ein margin på knappe 12 hundredeler

BJORLI: NM på Bjorli fekk sesongens hittil mest spennande renn i klassisk telemark då knappe 12 hundredelar skilde første- og andreplassen i klassen kvinner senior.

Kaja Bjørnstad Konow (Hagahogget Låmlag) fekk beste køyretid med tida 2 minutter 13 sekund og 66 hundredelar, medan Guro Helde Kjølseth (Luster Telemarkklub) fekk tida 2 minutter 14 sekunder og 54 hundredelar. Då førstnemnte var uheldig og drog med seg 1 tillegg i sving var det Guro som gjekk seirande ut av sesongens NM i klassisk.

– Nei, dette var rått. Både forholda i bakken og arrangementet var som forventa, på toppnivå. Eg er sjølvsagt utruleg nøgd med ein gullmedalje. Syra satt i låra og skøytedelen var hinsides tung, men takke vere mykje pudderkøyring i vinter kom eg meg gjennom, seier den tidlegare landslagsutøvaren.

Se resultatlisten her

Sammen på pallen med Guro og Kaja køyrde Gøril Strøm Eriksen (Bækkelagets Sportsklub) inn til ein tredjeplass med tida 2 minutter 19 sekunder og 31 hundredelar.

Seier på heimebane for Sivert

Sivert Hole (Åndalsnes IF) køyrde inn til ein sterk førsteplass og gullmedalje i klassen herrer senior med tida 1 minutter 56 sekunder og 7 hundredelar.

– Trur ikkje eg er åleine om å tykkje det er ekstra stas med gullmedalje på heimebane. I dag var det knall forhold, sol og ei skikkeleg klassisk-løype med 52 porter. Veldig gøy å vinne på ein slik dag, seier Sivert.

Han fekk dele pallen med Amund Møster Haugen (Fjellguten Skilag) på andreplass og Erik Kvernberg (Eidsvåg IL) på tredjeplass.

Overlegen seier i juniorklassene

I kvinner junior tok Emma Araldsen (Hagahogget Låmlag) ein overlegen seier med tredje beste tid blant alle deltakande kvinner. Ho fekk tida 2 minutter 17 sekunder og 25 hundredelar og fekk dele pallen med Kaja Husvik (Eidsvåg IL) på andreplass, og Emma De Moa Støve (Åndalsnes IF) på tredjeplass.

Brage Osen Gjøleberg (Morgedal IL) gjorde eit sterkt comeback etter å ha vore ute med kneskade sida i fjor vinter. Han vann med ein margin 12 sekunder og fekk dele pallen med Emil Tobias Langhus Bye (Bækkelagets Sportsklub) på andreplass og Sverre Solstad Alme (Eidsvåg IL) på tredjeplass. 

NIF-EPI02, 02
NSF