Kretssamling Voss ski- og tursenter
25. - 27. september vert det kretssamling for juniorar og dei fødd i 2011 og 2012. Samlinga går på Voss ski- og tursenter.
Velkomne til kretssamling på Voss ski- og tursenter. Samlinga er for juniorkretslaget og for 15 - og 16 åringane. For dei yngste er dette ei ypperleg samling for å lære av dei eldre løparane og å bli litt kjent med trenarane på kretslaget og Voss gymnas.
Samlinga er den som opprinneleg var satt opp helga 18. - 20. september og er skikretsens tilbod til 15 - og 16 åringane i staden for Haustcampen i Strandebarm. Samlinga vil laurdag og søndag også vere eit samarbeid med Skiskyttarkretsens samling på same staden. Det vert difor ein god gjeng med løparar samla på tursenteret denne helga!
Samlinga vert arrangert av Hordaland skikrets i samarbeid med Hordaland skiskyttarkrets frå laurdagen. Overnatting skjer på Voss ski- og tursenter der også måltida vert servert. For juniorane vert det alternativ overnatting frå laurdag til søndag. Dette oppdaterast i programmet.
Program kretssamling Voss ski- og tursenter 25. - 27. september
PÅMELDING KRETSSAMLING LANGRENN 25. SEP - 27. Sep
Påmeldingsfrist fredag 18. september!

Me gledar oss til å treffe deg på Voss fredag 25. september!