Flott samling for alpinistane på SNØ

Helga 21.–23. august 2026 gjennomførte Hordaland Skikrets sesongens fyrste innandørs alpintsamling på SNØ i Lørenskog

Totalt 20 utøvarar frå U12 til U16 deltok på ei innhaldsrik helg med seks skiøkter, god progresjon og eit svært godt sosialt miljø.
Det tekniske hovudfokuset inngang på sving, balanse og riktig timing. Utøvarane jobba med å finne ein god posisjon over skia og få betre flyt gjennom løypa.
Gjennom helga køyrde gruppa varierte slalåmløyper med både kortport og langstaur. Innsatsen var imponerande: Til saman gjennomførte utøvarane 994 turar og heile 29 152 portpasseringar. Det svarar til eit gjennomsnitt på nær 50 turar og 1 458 portpasseringar per utøvar.
13 utøvarar deltok fredag, medan heile gruppa på 20 var samla laurdag og sundag. Samlinga gav ein svært god start på innandørssesongen, med mykje skiglede, læring og godt samhald.
Takk til alle utøvarar, coach Magnus Hartwig og føresette som bidrog til ei flott helg.
Me gler oss allereie til neste SNØ samling 4 - 6 september! Påmelding isonen: https://isonen.no/event/cmrxftybi02qo9s010w4tdljo/
Publisert 26. aug. 2026