Kretslaget i langrenn rullar vidare
Med lojale samarbeidspartnarar har kretslaget starta reisa mot ein ny sesong. Første samling var på Voss ski- og tursenter 20. - 23. juni.
Vårt Kretslag i langrenn har starta ny sesong med samling på Voss ski- og tursenter. I tillegg til Eivind Blindheim, så var Vebjørn Turtveit med å skapte eit solid treningsinnhald for dei hardtsatsande juniorane.
Gledeleg var også utøvarar frå skiskyting og to juniorar frå Sogn og fjordane med på denne samling. Kjekt at samarbeidet mellom særidrettane og vår kjære nabokrets gjer at me kan skape tilbod til fleire og skape eit godt felles skimiljø her vest!
Gjennom Voss sparebank, Voss Veksel og landmandsbank og Inventura har laget hatt ei solid oppstarts og gjennomføringshjelp dei siste 3 åra. Me er difor ekstra stolte over å informere om at alle 3 samarbeidspartnarane har bekrefta at dei er med laget fullt ut også komande sesong. Tusen takk!
Då er det berre for løparane og skikretsen å glede seg til sommaren med trening og førebuing til neste fellessamling på Voss torsdag 12. august.
God sommar!