Nasjonalt vårmøte og Skitinget gjennomført

Hordaland skikrets deltok under fagmøter og Skitinget som vart halde i Oslo i helga. Gledeleg vart våre to saker vedtekne.

Hordaland skikrets var reprensentert under Skiforbundets vårmøte med fagmøter i grein og under helgas Skiting, der 4 delegatar representerte vår skikrets. 

Trond Lefdal var med på vårmøtet til langrenn og Bård Seterås deltok på alpint sitt. Der fekk dei oppdateringar frå greinene sentralt og deltok i aktuelle diskusjonar med dei andre skikretsane.

Under helgas Skiting fremja Hordaland skikrets to eigne saker. Den eine saka løfta behovet for å sjå på Skilisensordninga i eit overordna perspektiv til beste for deltakarar, arrangørar og seinke lisensens økonomiske barriere for deltaking. Saka fekk tilslutning og det vil verte eit utval nedsett av Skistyret som skal sjå på framtidas løysing for lisens. 

Den andre saka var skikretsens framlegg til å etablere eit felles para- og UH utval.  Denne saka fekk også oppslutning blant tingdelegatane og dette utvalet vil verta sett ned i haust. 

Hordaland skikrets har fram til dette Skitinget vore representert nasjonalt gjennom Fredrik Hald som nestleiar i Etisk komite og Siri Titland Martinsen som medlem i Kontrollkomiteen. Etter årets Skiting avslutta Fredrik sitt verv i etisk komite, medan Siri fortset sitt verv i kontrollkomiteen. Dette er me i skikretsen veldig glade for. 

Sjå meir om Skitinget og sakene me fekk gjennomslag for på Skiforbundets side om Skitinget.

 

 

Publisert 08. jun. 2026