Skiglede og snørugby heilt på grensa
Eldar IL, Vik IL og Hordaland skikrets gjentar suksessen frå i fjor og inviterer alle skiklubbar og andre interesserte til ein aktiv og allsidig dag på Vikafjellet laurdag 30. mai.
Akkurat som i fjor lagar me til skihopp i ulike størrelsar, skileikområde og snørugbybane. Nytt av året vert også ei randoneeløype. "Arenaen" med skileikområde ligg rett attmed grensa mellom Voss og Vik på Vikafjellet. Ta med ski og/eller sko du kan springa i og prøv ut snørugby, skihopp, randonee og langrenn m.m. Passar for alle aldrar og prøv det du har lyst til.
Etterkvart vil det også verta uhøgdtidelege konkurransar i dei forskjellige øvingane. Nista tek de med sjølv.
Me startar klokka 11.00 og det blir premieutdeling rundt klokka 14.00. Me er høgt til fjells, så vêret lyt vera nokolunde bra for å kunne gjennomføra.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Eldar IL, Hordaland skikrets og Vik IL - Rugby.
Oppdateringar vil skje på arrangementets facebookside, så følg med der!
Velkomne store og små til ei sosial, aktiv, allsidig samling på fjellet!

