Sommarskiskule langrenn
Hordaland skikrets sin sommarskiskule i langrenn for dei fødd mellom 2011 og 2015 vert på Fanahytten 25. - 28. juni. Sett av datoane!
Hordaland skikrets inviterer i år til Sommarskiskule i langrenn i flotte Bergen med overnatting på Fanahytten.
Me lovar ei allsidig samling med både gode rulleskiøkter og barmarkstrening. I tillegg legg samlinga opp til at me skal få oppleve det beste byen har å by på! Inspirerande trenarar ser fram til at akkurat du melder deg på samlinga vår.
Samlinga vil koste ca. 1500,- (pluss minus 200,- basert på kor mange som er påmeldt). Det inkluderer overnatting, mat gode treningsøkter og lokal transport (også transport til og frå tog- busstasjon for dei som treng det).
Treningsplan, ta med liste med meir om samlinga oppdaterast. Me har nå opna påmeldinga og det er berre til å melde seg på :)
Påmelding sommarskiskule - Bergen 25. - 28. juni
Frist for påmelding er onsdag 10. juni.