Trener-/foreldrekurs hopp

Laurdag 11. og søndag 12. april vert det trener-/foreldrekurs i hopp med dyktige Rune Rebne i Framnesbakkane på Oppheim.

Helga 11.- 12 april vert det kurs i hopp i bakkane på Framnes. Anlegget ligg ca. 20 min kjøring frå Voss. Overnattingsmuligheter både på Voss og i Myrkdalen.
 
Kurset gir ei solid grunnplattform for å skape trygge og utviklande miljø i klubbane – med fokus på skiglede, meistring og grunnleggjande hoppferdigheiter. Det er ikkje nødvendig med forkunnskap i hopp for å delta. Dette er kurset for foreldre, nye trenarar, tidlegare utøvarar og alle som ønskjer å bidra til trygge, utviklande og morosame treningar for barn og unge i hoppbakken.
 
 
Kurset vil innehalde både teori og praksis og tek bla for seg:
Barneidrettens verdiar og trenar-/foreldrerolla som førebilete.
Grunnleggjande hopptekknikk og hoppspesifikke ferdigheiter – balanse, sats, fartstilpassing og landing.
Leik, motorikk og allsidig trening som grunnlag for god teknikk.
Treningsplanlegging og øktstruktur tilpassa alder og nivå.
Tryggleik i bakken, reglar og ansvar for trenarar.
Utstyrslære og tilpassing.
 
Det høyrer til ein E-læringsdel for kurset om du ynskjer å gå vidare på Trener 1 kurs. Kurset me gjennomfører på Framnes denne helga kan såleis vere ein del av det totale trener 1 kurset for deltakarane som ynskjer å gjennomføre heile kursmodulen etter dette kurset. 
 
Ved å delta på kurset får du godt og fagleg påfyll og kjekke dagar saman med andre hoppinteresserte.
 
Instruktør er vår dyktige og inspirerande Rune Rebne som har erfaring fra klubb-, krets- og landslagsnivå som hopptrener og instruktør.
 
Meld deg på i dag og bli med!
 
 
Påmeldingsfrist søndag 29. mars
 
Publisert 23. mar. 2026