Suksess med Hovedlandsrenn i langrenn
Sterke prestasjonar og fantastisk lagånd av Hordalandsløparane under Hovedlandsrennet på Savalen.
Hordaland Skikrets kan sjå tilbake på ei helg full av flotte prestasjonar, sterke opplevingar og eit imponerande fellesskap blant utøvarane. I alle øvingar – langrennskross, distanse, sprint og stafett – viste våre unge løparar høgt sportslig nivå og stor innsatsvilje.
I langrennskrossen opna helga med sterke renn frå fleire av løparane våre. Maria Istad Kristiansen gjekk inn til ein imponerande 2. plass, og Edel Rognebakke følgde opp med ein solid 8. plass.
På gutesida leverte Viljar Aasgaard wikander eit svært sterkt løp og sikra seg ein 2. plass, medan Georg Helle Bruås følgde tett på med ein flott 11. plass. Desse resultata markerer Hordaland tydeleg heilt i toppen av konkurransen.
På distanserennet heldt den gode trenden fram. Maria Istad Kristiansen gjekk eit fantastisk løp og tok ein suveren 1. plass. Viljar leverte nok ein gong og gjekk inn til ein sterk 9. plass. Innanfor 1/3 dels premiering viste fleire av løparane våre at Hordaland stiller med breidde og nivå, mellom anna med gode plasseringar som Edel Rognebakke sin 15. plass, Georg Helle Bruås sin 18. plass og ein fin innsats av Julian K. Guldbrandsen som enda på 29. plass. Ikkje langt bak hadde vi mange gode plasseringar frå Hordaland, både på gute- og jentesida.

Under sprintkonkurransen vart det òg mange gode opplevingar. Fleire Hordalandsløparar gjekk vidare frå prologen og viste at dei har både farten og kapasiteten til å hevde seg i denne øvinga. Sjølv om det ikkje vart finaleplass denne gongen, vart det levert sterke prestasjonar og gode fighter i heata – og mange viste at dei har eit spennande sprintnivå å byggje vidare på.


Stafettane blei ei flott avslutning på helga. Hordaland stilte med eitt jentelag og to guttelag, og samtlige lag leverte solide etappar og godt samarbeid. Jentelaget gjekk inn til ein sterk 11. plass, medan guttelag 1 sikra 25. plass og guttelag 2 følgde opp med 36. plass. Med heile 71 lag på startstreken er dette svært gode resultat og eit tydeleg teikn på lagand og innsats gjennom heile løpet.
Utover resultata er det viktig å trekkje fram det kanskje aller mest imponerande denne helga: samhaldet. Uansett kven som var ute i løypene, var resten av gjengen på plass med heiarop, støtte og entusiasme. Det blei skapt ei trygg, positiv og motiverande ramme rundt konkurransane, der utøvarane lyfta kvarandre fram og skapte eit miljø prega av idrettsglede og fellesskap. Engasjerte foreldre og støtteapparat bidrog òg sterkt til den gode atmosfæren.
Alt i alt blei det ei helg der Hordaland både hevda seg heilt i toppen og viste stor breidde med mange sterke plasseringar. Med toppresultat, jamne prestasjonar, god lagand og glade utøvarar kan Hordaland Skikrets med rette vere stolte av innsatsen gjennom heile helga.
