KM Ørnarstafetten med mange lag til start
IL Ørnar laga til ein skikkeleg stafettfest under Kretsmeisterskapet som gjekk i Voss ski- og tursenter søndag 8. mars. 69 lag og 207 deltakarar var med.
Det vart ein flott skidag med stafett for klubbane våre når Ørnastafetten med Kretsmeisterskap vart gjennomført av dei dyktige frivillige i Ørnar IL.
Sjå resultat og bilete frå ei solid langrennshelg med over 200 deltakarar på både Bulkenrennet og søndagens Ørnarstafett. Imponerande og gledeleg!
Resultat Ørnarstafetten kretsmeisterskap 8. mars
Sjå bilete frå den supre stafetten som arrangørklubben har delt.