Gode arrangørar av langrenn

Det vart ei flott avslutningshelg for kretscupen for 8 - 12 åringane når Bjørgum IL og Vargar IL inviterte til kretsrenn laurdag og søndag.

Bjørgum IL arrangerte laurdag 14. mars renn i friteknikk, som erstatta det planlagte krossrennet grunna for lite snø. Det var ca 120 deltakarar som stilte til start og arrangørane leverte eit nydeleg arrangement for deltakarane. 

Resultat Bjørgumrennet friteknikk laurdag 14. mars

Søndagen var det tid for det utsatte Vargarrennet som gjekk i klassisk teknikk. Dette markerte også finalen for kretscupen for dei yngste. Arrangementet som hadde fortent fleire startande vart gjennomført på ein god måte av den rutinerte og gjestfrie dugnadsgjengen. 

Resultat Vargarrennet klassisk teknikk 15. mars 

Søndagens Vargarrenn markerte som sagt slutten på årets Kretscup for dei yngste og det var sjølvsagt stas å kunne dele ut fullførtpremie til dei mange av dei som hadde gjennomført 4 kretsrenn. Totalt var det 59 stk som i år kunne glede seg over premie frå vår kretscupsponsor Mowi, som i år var ein finfin thermos. 

Fullførtliste Kretscupen 2026 8 - 12 år.pdf

Sjå bilete frå Bjørgumrennet og Vargarrennet med premieutdeling Kretscupen 2026!

 

Publisert 18. mar. 2026