Bulkenrennet leverte
Bulken IL inviterte til langrenn i godt preparerte løyper og solskin med over 200 deltakarar som fekk glede av innsatsen til dei dyktige arrangørane.
Rennet som gjekk i friteknikk i det fine anlegget på Dalane samla over 200 deltakarar, noko som er imponerande og gledeleg for både arrangørane og deltakarane. Kjekt med deltakarbesøk frå Rogaland også.
Resultat Bulkenrennet 7. mars 2026
Kretscupen i langrenn 2026
Rennet markerte også slutten på kretscupen for aldersgruppa 13 - 20 år. I tillegg til dei flotte arrangørpremiane vart det også premieutdeling for kretscupen for dei.
Kretscup langrenn 13 - 20 år sluttstilling
For dei mellom 8 - 12 år, så fortset cupen også til neste helg, når Bjørgumkrossen og Vargarrennet markerer slutten for deira cup. Her vert det premieutdeling for dei som har fullført 5 renn i samband med Vargarrennet søndag den 15. mars.