Bjørgum og Vargar inviterer

Til helga vert det langrenn med Bjørgum IL sitt renn i friteknikk og Vargarrennet i Voss ski- og tursenter. Oppdatert informasjon om arrangementa.

Laurdag 14. mars inviterer Bjørgum IL til langrenn i Voss ski- og tursenter. Opprinneleg hadde laget gleda seg til å invitere til eit skikkeleg kross-renn med rikeleg terrengutfordringar og ulike element for ein leiken konkurranse. Denne planen lar seg ikkje gjennomføre grunna for lite snø til å bygge terrengutfordringar slik ein ynskjer. Rennet vil difor verte i friteknikk utan innslag av krosselement. Det gjer at ein kan nytte dei finaste skia og ikkje vere redd for å øydelegge desse gjennom å fare over ulike element og hindringar. Arrangøren vil oppdatere fredags morgon om forholda og kva deltakarane kan vente seg av løypetilhøve for laurdagens konkurranse i Voss ski- og tursenter. 

Bjørgum IL langrennskross laurdag 14. mars

Hugs å meld dykk på, og som de sikkert veit så tel Bjørgum langrennskross i vår kretscup for 8 - 12 år - der 5 startar i individuelle kretsrenn gjev ein fin fullførtpremie:)

 

Søndagen inviterer Vargar IL til langrenn i klassisk teknikk, som også markerer finale for 8 - 12 år i kretscupen med premieutdeling straks etter målgang. Rennet går i likhet med Bjørgum sitt renn i Voss ski- og tursenter. Oppdateringar om Vargarrennet kjem også på fredag, slik at føreforhold og aktuell informasjon om arrangementet vert delt før helga. Meld på!

Vargarrennet 2026 klassisk 15. mars 

PÅMELDINGSFRIST ER UTVIDA TIL FREDAG 13. MARS KL:23.55

Om de lurer på kor mange renn de har deltatt på før helga, så sjå oppdatert Kretscup 8 - 12 år 6.pdf

Publisert 12. mar. 2026