Voss sparebankrennet
Laurdag 28. februar inviterer Voss IL til kretsrenn i langrenn i Voss ski- og tursenter. Her er det klassar frå 6 år og eldre. Meld på og møt opp!
Rennet som skulle gått 26. desember fekk ny dato den 28. og det passar jo perfekt sidan me fekk utsettingar forrige helg. Meld dykk difor på langrennet i Voss ski- og tursenter. Rennet går i friteknikk og har klassar for store og små. Hugs også vår kretscup, som gjev poeng til dei over 13 og ein finfin premie på Vargarrennet for dei mellom 8 og 12 år som fullfører 5 kretsrenn. Sjå status i kretscupen under informasjonen frå arrangør med påmeldingslenkje.
Sparebankrennet friteknikk 28. feb