Spennande arrangement på Voss

For dei som vil vere med på skiaktivitet i helga, så er det to supre tilbod på Bulken og Voss laurdag 21. og søndag 22. feb.

Kombinertdag laurdag 21. feb. i Tunåsen

Tid og stad:
Tunåsen hoppanlegg – laurdag 21.02.2025. Prøveomgang frå klokka 1200.

Gratis arrangement for alle 0-99 år.

Bulken IL ynskjer spesielt nye hopparar velkomen. Veldig kjekt om også nokon frå idrettslagets naboklubber vil vere med:)

Aktivitetar:

- Hoppkonkurranse: K2, K5, K12 og K25. Ta med eige utstyr og godt humør! Påbudt med hjelm.

- Etter hoppinga vert det eit lite uhøgtideleg langrennsløp for alle som vil vere med.

Idrettslaget tilbyr sjølvbetjent kafe med kaffi, søt- og gjærbakst og hotdog.


Ved spørsmål, kontakt: Olav 48 07 42 97  Vegard 47 61 82 18  Øystein 97 77 05 36

Her frå anlegget fullpreppa ein vinterkveld i januar 2026. Nå inviterer idrettslaget til aktivitetar for store og små laurdag 21. feb. 

 

Mini - OL søndag 22. feb. Voss ski- og tursenter

IL Viljar ynskjer alle born i alderen 0-13 år velkomen til Mini-OL!

Det vert tenning av OL-ilden, uhøgtidleg skirenn utan tidtaking med skicross-element i løypa, premie til alle, enkel kiosk og anna skileik (ta gjerne med akebrett og) Ta med heile familien på skimoro etter dei voksne er ferdige med sitt OL på tv. 

- Gratis påmelding frå 12.30 (etter 5-mila der altså). 

- Fyrste fellesstart 13.00 (alle barnehageborn)

- Premie til alle

Parkering med årskort eller betal dagsparkering. Vel møtt til ein triveleg skidag for store og små!

 

Publisert 19. feb. 2026