Full trøkk på Totræna

Det var god deltaking og strålande stemning i Samnanger rett utenfor Bergen..

Fana IL inviterte til langrenn på gjestfrie Samnanger IL sitt skianlegg på Totræna laurdag 14. februar når Fanarennet i klassisk teknikk vart arrangert. Rennet samla over 140 i konkurranseklassane og 30 barn i eige renn. 

Resultat Fanarennet klassisk teknikk laurdag 14. feb

Søndagen stod Vikingrennet for tur, også i Totræna skianlegg, men denne dagen i friteknikk. Det var god deltaking også søndagen og med 125 påmeldte i konkurranseklassane vart det god stemning i og rundt løypa også denne dagen.


Det vart to flotte arrangement dei to Bergensklubbane stod for i helga. Og ei stor takk går også til Samnanger IL som la fint til rette i sitt anlegg på alle vis. 

Bergensavisa var også til stades under arrangementet og dei laga ein flott reportasje frå laurdagens renn. Den viser fram ein typisk dag under våre kretsrenn.Og oppmodinga er klar; Det er plass til nye rekruttar i alle aldrar!

BA - De mener vi skriver for mye om fotball..

Kretscup i langrenn oppdatert

Etter helgas renn i Totræna er Kretscupen vår oppdatert med ny poengstilling og deltakingsregistrering for dei yngste. Hugs å nytt høvet til nye poeng og kryss når Voss IL inviterer til Voss sparebankrennet som neste teljande renn. 

 

Kretscup 8 - 12 år - Fullførdpremie etter 5 renn

Kretscup 13 - 20 år - Samanlagtstilling 15. feb

Publisert 23. feb. 2026