Bavallsrennet alpint
Laurdag 7. og søndag 8. februar vert det kretsrenn i alpint i Bavallen, når Voss alpin inviterer til kretscup 3. og 4. Her er det berre å melde seg på!
Ikkje gå glipp av helgas Bavallsrenn, som også markerer Kretscup 3. og 4. Sjå meir om arrangementet og påmeldingsinformasjon. Hugs påmeldingsfrist torsdag 5. feb.
Bavallsrennet kretscup 3. og 4. 7. og 8. feb
Kretscupen starta opp for U12 og eldre under fartssamlinga med KM Super g i Ål. For dei yngste startar kretscupen opp under komande helgs Bavallsrenn. Her er det både premiar og heider å hente for både liten og stor.
Litt om kretscupen alpint Hordaland
For U12 og eldre er det dei 5 beste renna som tel i cupen. Samanlagtlista vert oppdatert etter kvar kretsrennshelg, der ein etter kvart får fjerna dei dårlegaste poengrenna når ein har passert 5 renn. Neste renn å sanke poeng i er Bavallsrennet.
For U10 og yngre, vert det ikkje poeng, men ein får ein flott fullført Kretcupen premie om ein gjennomfører 5 renn. Renna vert registrert fortløpande, slik at ein kan følgje med på kor mange renn ein må gjennomføre før ein får 5 renn og altså får fullførtpremie! Første mulighet for U10 vert komande helgs Bavallsrennet.