Velkomne til Vestlandske skistemna

NB! Oppdatering stilart: Voss IL ynskjer alle velkomne til Vestlandske skistemna laurdag 17. januar.

Vårt mest historiske renn går i år med ulike øvelsar for dei ulike aldersklassane. 

Nytt av året er eigen klasse utan tidtaking for dei under 8. Her er foreldre med nye rekruttar hjarteleg velkomne til å delta i denne klassen. Meld dykk på arrangementet med "min idrett" brukar, eller møt opp på Voss ski- og tursenter og meld dykk på der. 

Opprinneleg skulle klassane frå 13 år og eldre gå med skibyte i skiatlon med klassisk og friteknikk. Dette utgår grunna noko smale trasear til å sikre gode forhold for både klassisk og friteknikk. Det betyr at Vestlandske skistemna frå 11 år også går i kun friteknikk og utan skibyte. Det vert fellesstart i alle klassane. 

For meir informasjon om rennet og påmelding følg lenkja under. Frist for påmelding er onsdag 14. januar kl. 23.55. 

Vestlandske skistemna laurdag 17. januar

 

Publisert 14. jan. 2026