Kretsmeisterskap i Røldal og Korlevoll

Til helga går Kretsmeisterskap for våre langrennsløparar i Røldal og på Korlevoll. Hugs påmelding til renna, som også inkluderer felles smørjeopplegg under søndagens renn.

Kretsmeisterskaphelga startar i Røldal laurdagen, når Røldal IL inviterer til langrenn i klassisk teknikk i det lokale anlegget i sentrum av bygda. 

KM klassisk - Røldal 24. januar

Søndagen vert det langrenn i friteknikk på Korlevoll, der IL Korlevoll - Odda inviterer til renn i det flotte anlegget på andre sida av tunnellen frå Røldal. Her vert det også eit felles smørjeopplegg. Sjå under. 

Kretsmesterskap - Korlevollrennet 2026

Begge renna har påmeldingsfrist torsdag 22. januar kl. 23.55. 

Felles smørjeopplegg søndag 25. jan

Under søndagens KM vert skia til deltakarane frå 8 til 16 år smurt av eige smørjeteam, for å sikre gode og like ski til alle. Det føregår på følgande måte. 

Førarbeid
Før søndagens konkurranse, så oppfordrar me alle til å påføre anten Swix CH6/PS6 (eller tilsvarande fluorfri glider), etterfulgt av sikling(skrape av glideren) og børsting. Viktigast er at skia er fri for glider når dei kjem til felles smurningen på laurdagen. Alle har eitt skipar med seg til felles-smurningsstasjonen. Desse leverast inn 45 min før ditt startstidspunkt.
 
Gjennomføring
-  Skia leveres godt merka med namn 45 min før start.
- Dette gjerast ived garasjen i Korlebu (kjellaren til huset).
- Smørjarane legg dagsaktuell flytande glider med kork og fleece, tørking ca 10 min og deretter rotorbørsting og dagsaktuell strukturpåføring (for kaldt føre)
- Skia leveres ut frå området og klar til start 10 min før start i følgje startlista. Då har skia eit klistermerke som markerer skia du skal bruke og at dei er ferdig preparert.
Publisert 20. jan. 2026