Dyktige arrangørar av KM

Røldal IL og IL Korlevoll - Odda laga til ei super Kretsmeisterskap helg i langrenn for klubbane våre.

Det var i Hardanger det skjedde for våre langrennsløparar i helga, når Røldal IL inviterte til KM langrenn i klassisk teknikk laurdag og IL Korlevoll - Odda inviterte til KM i friteknikk søndag. 

Trass krevjande forhold med lite snø, så imponerte begge arrangarane med gode løyper under begge renndagane i helga. 

Det vart ei flott ramme for arrangementa med vinterlege temperaturar og gjestfrie og serviceinnstilte arrangørklubbar, som gjorde opplevinga for deltakarane til ei god ei! 

Skikretsen stilte også i år opp med eige smørjeteam for søndagens renn i friteknikk der alle deltarane mellom 8 og 16 år fekk topp smurning og rennprepering av eige smørjeteam. Dette fungerte veldig fint og er eit fint fellesprosjekt som lettar arbeide til foreldre og klubbane og som gjev gode ski til alle. Sjå sak i Hardanger folkeblad om det solide tilbodet og fleire bilete frå helgas kretsmeisterskap. 

Sjå resultat frå arrangementa

Resultat KM Røldal klassisk 24. jan

Resultat KM Korlevollrennet friteknikk 25. jan


Kretscupen langrenn hordaland

Etter helga er vår kretscup oppdatert med siste samanlagtlister og for dei yngste er nye renn kryssa av fram mot fullførtpremie etter 5!

Kretscup 8 - 12 år 3.pdf

Kretscup langrenn 13 - 20 år3.pdf

Publisert 27. jan. 2026