Hopp til innhold

Fine dagar i Jondal

Sommarskiskulen i Jondal 2025 er over og deltakarane går inn i ferien på den beste måten etter å ha gjennomført den allsidige samlinga i lag med skivener frå skikretsen.

Sommarskiskulen er over for i år og me har med oss gode minner og lærerike dagar i bagasjen, når sommarferien nå startar. 

Dagane på Hardangerakademiet i Jondal vart også i år strålande - sjølv utan treningsøkter på breen. Rulleskiforholda og treningsmulighetane nede i Jondal var meget gode, og med veret på lag, så vart det akkurat så bra som me håpa på. Vår faste og gode støttespelar Coop Hordaland med den lokale butikken Coop Prix Jondal leverte mat til trivsel for deltakarane under dei aktive dagane. Tusen takk! Det betyr mykje for oss. 


NIF-EPI01, 01