
Sommarskiskule langrenn Jondal
Velkomne til Sommarskiskule i Jondal onsdag 25. - laurdag 28. juni. Gjeld for alle fødd 2010 - 2014. Me gledar oss til allsidige og aktivie dagar i Jondal med dykk!
Me gledar oss til aktive dagar i lag i vakre Jondal. I utgangspunktet skulle samlinga sjølvsagt inkludert skiøkter på breen, men per nå er dette uavklart og ikkje sannsynleg. Me ser at Jondal allikevel har ein perfekt beliggenhet for å kunne tilby ei samling som vil gje masse variasjon og utvikling med det Jondal har å tilby.
Me nyttar den gode vegen inn mot Årsand for rulleski i tillegg til områda rundt skuleplassen, flotte stiar og skogsvegar til løping og fjellturar, fotballbana med styrkeapparat og området rundt Hardangarakademiet der me bur, som perfekt utgangspunkt for både trening og sosial aktivitet. Her er det bordtennis, beachvolleyballbane og ei nydeleg strand/badeplass like i nærleiken. De får vere med på allsidig trening med nyttige tips om både trening og teknikk. Samlinga består av masse sosial aktivitet og konkurransar og me kan love mykje moro undervegs!
Me har med dyktige trenarar og god mat vert servert i mellom øktene. Er du erfaren eller ny med langrenn, så er samlinga like aktuell. Me gledar oss til å ynskje akkurat deg velkommen til Jondal desse dagane i starten på sommarferien.
Innkvartering vert på Hardangerakademiet. Her er det både overnatting og matservering. Dette ligg ved sentrum og rett på sida av Idrettsplassen og skulen. Overnattinga inkluderer sengetøy og handkle.
Samlinga vil ta utgangspunkt i Hardangerakademiet og transport til og frå øktene der dette er behov ordnar me.
Me deler inn øktene og gjennomføring etter alder og nivå, og tilpassar dette til beste for kvar enkelt, om ein er nybyrjar eller erfaren på til dømes rulleski.
Program og ta med liste vert oppdatert!
PÅMELDING OG KOSTNAD
Treningssamlinga kostar 2800,- og inkluderer overnatting, alle måltider, deltakarpremie, lokal transport i Jondal og treningsøkter med dyktige trenarar som gjev teknikkinstruksjon.
Vår gode sponsor Coop sørgjer for at det er nok mat og påfyll mellom øktene undervegs:)
PÅMELDING Sommarskiskule Jondal 25. - 28. JUNI
Påmeldingsfrist søndag 8. juni.