Hopp til innhold

Klart for Kretsting! 20 delegatar var med under kretstinget for Hordaland skikrets. Kjekt at vår Skipresident Tove Moe Dyrhaug t.h. var med oss denne kvelden.

Kretstinget vel gjennomført

Onsdag 21. mai gjennomførte Hordaland skikrets sitt kretsting. Skipresidenten var med oss denne kvelden der nye tillitsvalde kom inn og nokre takka for seg, deriblant vår gode leiar gjennom dei siste 8 år. Velfortent heider vart også delt ut gjennom våre prisar.

Skikretsen gjennomførte Kretstinget på vårt nye Idrettens hus i Bergen, der alpint og langrenn i forkant også heldt sine fagmøter. 

Me var så heldige at Skipresident Tove Moe Dyrhaug var med oss under Kretstinget denne kvelden, og etter å ha kome med ei helsing, så var ho med oss under tinggjennomføringa til endes. 

Protokoll og oppdaterte saksdokument vert lagt ut under fana "om skikretsen" når desse er klar. Referat og oppdateringar frå fagmøta vert sendt ut til klubbane. 

HEIDERSPRISAR

Følgande prisar vart tildelt ut under kretstinget:

Utøvarprisen 2025:
Madeleine Sylvester-Davik Tertnes alpin vart som siste års junior utteken på landslaget og gjennomførte sin debutsesong her med deltaking under VM i alpint og debuterte i WC med 16. og 20. plass i storslalåm. Under NM vart det bronse i storslalåm for Madeleine, som det vert spennande å følgje framover! 

Utøvarprisen 2025:
Peder Palmstrøm Hald Fana IL for 2 gull og 4. plass under vinterens Special Olympics world wintergames. Ein velfortent pris for ein hardtsatsande utøvar som har gjennom mange år vore Norges beste alpinist i sin klasse. 

Årets skiklubb 2025:
Ulvik IL: Laget har laga nytt langrennskrossanlegg gjennom dei siste 3 åra og har skapt eit stort og godt aktivitetstilbod i anlegget med tilrettelegging for aktivitet gjennom heile året. Dei er innovative og engasjerer både skule, foreldre og ungane gjennom sine tilbod og inviterer skikretsen til arrangement kvar vinter. 

 Heiderspris Hordaland skikrets:
Odd Inge Austevoll Framnes IL for hans innsats gjennom over 20 år for Framnes IL som leiar, trenar og tilretteleggjar. Hans bidrag for telemarksporten gjennom trenergjerning, regelansvarleg og portdommaransvar og for Odd Inge sine leiarverv for store meisterskaparrangement i Telemark. Odd Inge har gjort mykje for mange, over mange år!


Vel fortente prisar under kretstinget. f.v. Johan Børsheim kretsleiar, Tove Moe Dyrhaug Skipresident. bak f.v. Heidersprisvinnar Odd Inge Austevoll, Martin Sylvester-Davik (som tok i mot utøvarprisen 2025 for datter Madeleine), Peder Palmstrøm Hald (utøvarprisen 2025), Åsa Granqvist og Torkjell Lunde Børsheim begge Ulvik IL (mottakarar av Årets skiklubb 2025) 

VAL HORDALAND SKIKRETS

Under Kretstinget vart det gjennomført val der nye medlemmar av styre og komitear vart valde. Nokre verv vil styret ta ansvar for å fylle i perioden framover. 

Skikretsen takkar for den viktige innsatsen til dei som nå avsluttar sine verv har gjort for skikretsen. Me er heldige som har hatt så dyktige og engasjerte folk i våre tillitsverv.

Me må spesielt nemne Johan Børsheim, vår leiar dei siste 8 åra. Når han nå avsluttar sitt verv, så har han gjort ein betydeleg innsats for skikretsen gjennom desse åra. Han har vore ein fanebærar for oss i viktige saker me har arbeida for. Me kan nemne både rekrutteringsarbeidet generelt, anleggsutvikling og skiklubbutviklarprosjektet som han har vore ein iherdig pådrivar for. Skikretsen vil ta med seg uttrykk som "nærleik til arena" og "gje dei unge ein god start i livet" som noko av det du legg igjen av verdiar og som me vil inspirerast vidare på. Johan har vore ei viktig og tydeleg stemme i idrettspolitikken både regionalt og nasjonalt i fleire viktige saker for skikretsen, i dialog med kommunar, fylke og  idrettsforbundet. Det har vore avgjerande i fleire konkrete saker for oss.
Tusen takk !

 

Skipresident Tove Moe Dyrhaug, Avtroppande leiar Johan Børsheim og Ny leiar Fredrik Hald under kretstinget i Bergen 21. mai. 

Slik ser det nye styret med komitear ut når me nå legg ut på reisa 2025-27:

Skikretsstyret

Leiar                    Fredrik Hald                                   Bergen skilag

Nestleiar            Siri Titland Martinsen                  Fana IL

Medlem              Øistein Jensen                               Fana IL

Medlem              Steinar Røthe                                 Voss IL

1.Vara                               

2.Vara   Morten Føyen   Stord IL              

Leiar AK              Bård Seterås                                   Fana IL

Leiar LK              Trond Lefdal                                    Fana IL

Leiar FK              Andre Hole                                      Voss freestyleklubb

Kontaktp.           Arnfinn Gjerstad                           Bulken IL           

 

Alpintkomiteen

Leiar AK              Bård Seterås                                   Fana IL

Medlem              Knut Kettermann                           Ørnar IL             

Medlem              Cathrine Spook                             Odda IL             

Medlem              Stian Kreken Almeland               Samnanger IL  

Medlem              Knut Rokne Hanestad                 Tertnes Alpin

 

Langrennskomiteen

Leiar                    Trond Lefdal                                    Fana IL

Medlem              Jostein Hagen                                IL Korlevoll-Odda

Medlem              Kjersti Helle                                    Fana IL

Medlem              Eivind Maurseth Blindheim       Bulken IL           

Medlem              Jan Erik Guldbrandsen                TIF Viking

 

Freestylekomiteen

Leiar                    Andre Hole                                      Voss freestyleklubb

Medlem              Hilbjørg Arntzen Merkesdal       Bergen freestyleklubb

                                           

Hopp og kombinertkomiteen

Kontaktperson                Arnfinn Gjerstad            Bulken IL           

 

Kontrollkomite

Medlem                             Øyvind Gaute Berg        Stord IL              

                       

Valkomite

Medlem            Kjersti Brattebø                               Osterøy IL

Medlem               Elisabeth Schilbred Eriksen         Tertnes alpin

 

Me gledar oss til ny tingperiode for Hordaland skikrets med slike gode folk!

NIF-EPI03, 03