Hopp til innhold

Kretsting og vårmøter

Onsdag 21. mai inviterer skikretsen til vårt kretsting med fagmøter i greinene. Skipresident Tove Moe Dyrhaug kjem for å vere med oss under kvelden. Informasjon vert oppdatert.

Innkalling skikretstinget hordaland skikrets utsendt 25. april til klubbane.

Tingdokument 2025 Hordaland skikrets

Her ligg alle saker me behandlar på skikretsens ting onsdag 21. mai på Idrettens hus - Fjøsangerveien 68 B.

- Dokumentet vil verta oppdatert fram til helga med beretning/ årsmelding alpint og freestyle og valkomiteen med 1. vara styremedlem og medlem kontrollkomiteen. 

Me er så heldig at vår Skipresident Tove Moe Dyrhaug vert med oss denne kvelden, som startar med vårmøter i grein etterfulgt av kretstinget. 

RAMMEPROGRAM

Vårmøta i greinene startar kvelden og vil føregå før Kretsting.

Kl. 17:30            Vårmøter i greinene. Eige program for kvar grein.

Kl. 19:00:         Felles pause

Kl. 19:30:          Opning av Skikretstinget 2025

Kl. 21:00           Avslutning

Vårmøtene i grein og program for desse vert oppdatert. 

PÅMELDING OG DELTAKING

PÅMELDING til både vårmøta i grein og kretstinget. Frist er utvida til å gjelde t.o.m. søndag 18. mai.

Det er mogleg med digital deltaking for dei som ikkje kan kome til Bergen denne onsdagen. Dette gjeld både for vårmøta og kretstinget. Tilgang digitalt vert sendt ut til påmeldte som treng dette. 

Kven som er delegat for klubbane avklarast i klubbane. Sjå retningslinjer i innkalling og merk at det er medlemstal i skiklubben, eller skigruppa om ein er fleiridrettslag. 

Skivener, me gledar oss til å møte deg på nye Idrettens hus onsdag 21. mai!

NIF-EPI03, 03