Skikretsen på skulebesøk
Hordaland skikrets samarbeider med skular og idrettslag om opplæring på rulleski, rollerblades og ski.
I 2023 var skikretsen på 1 skulebesøk. I 2024 var det 4 skulebesøk og i 2025 har me hatt 5 skulebesøk. Her er me med å legg til rette for skiaktivitet i skuletida. Skuletilbudet har vore på ulike trinn, men mest for småskuletrinna, over ein periode på på 3 til 5 dagar. Desse skulebesøka gjer me i samarbeid med idrettslaga som er «mest tilhøyrande» den aktuelle skulen. Her vert elevane og tilsette introdusert for både rulleski, rollerblades og ski. 
I samarbeid med den eine skulen har me hatt skiopplæring både vinter og haust. Her utvida me samarbeidet ved å koble på 10.trinn. Gjennom skuledagen fekk 10. trinn opplæring i korleis dei kan bidra med å lage ei spennande skiløype, med bla hopp, slalom og der terrenget er med å skape løypa. Dagen etter var det 5. trinn sin tur, der nokre av elevane på 10. trinn hadde ansvar for å setje opp løypa. God læring på mange nivå. 
Ein stor del av borna me møter gjennom skulearbeidet har det fyrste møte med skiidrett gjennom dette tilbudet. Her oppdagar dei nye sider ved seg sjøl og meistring av nye bevegelsar og kroppslege utfordringar . Skulebesøka gjer også noko med gruppedynamikken i ein klasse når ein lærer nye aktivitetar saman. Slike erfaringar gjer noko med både sjølvbilete, sjølvkjensla og felles glede på tvers av klassane.
Med varierte aktivitetserfaringar i barneåra viser forskning at desse ligg att som mentale og fysiske “avtrykk” ein kan ha gleda av livet ut.
Dette har også ein vesentleg betydning for den framtidige folkehelsa og skigleda ein kan ha med seg livet ut.
For 2026 vil me at endå fleire klubbar skal sjå verdien av å jobbe tett opp til skulane.
Så er du som leser dette ein forelder, tilsett ved skule, ei bestemor eller ein bestefar, tilsett i ein bank eller på ein verkstad og tenkjer at dette høyres bra ut, då er det ein snarveg for å få til skulebesøk: Ta kontakt med oss eller den lokale skiklubben din!