Røldalsrennet 3. januar er avlyst!

Røldal IL er glade for å invitere til klassisk langrenn på Svandalsflona 3. januar. Dette vert også årets første kretsrenn for hordaland. Deltakarar frå nabokretsar er hjarteleg velkomne.

Det planlagte Røldalsrennet, som skulle gått på Svandalsflona 3. januar er beklagelegvis AVLYST!

Røldal IL såg ikkje noko anna forsvarleg løysing med verutsiktene som er venta på renndagen. Sjå meir informasjon under på arrangementssida under. 

Utgått tekst: 

Det er køyrd løyper der av idrettslaget gjennom Røldal og Seljestad løypeselskap og arrangørane kan melde om gode skiforhold og 11 - 12 km løyper tilgjengeleg for deltakarane som kjem til Røldal laurdag 3. januar.

For å oppdatere dykk alle, vil Røldal IL og skikretsen oppdatere med løypetilhøve torsdag 1. januar innan 17. for å kunne seie meir sikkert om korleis løypetilhøva vil sjå ut når renndagen kjem.

Idrettslaget håpar at flest mogleg nyttar høvet til å starte det nye året med å vere med på arrangementet i flotte løyper langs gamlevegen på Svandalsflona. 

Påmelding og informasjon Røldalsrennet 3. januar

Publisert 01. jan. 2026