Kretscupen i langrenn 25-26
Sjå informasjon om kretscupen i langrenn som startar opp med dei individuelle kretsrenna. Nå med ny sponsor!
Kretscupen med ny sponsor
Langrennskomiteen har gjennom mange år hatt eit flott samarbeid med recover om gjennomføring av kretscupen. Me takkar for det viktige bidraget de har gitt for at kretscupen har vorte ein suksess.
Når nå Recover avsluttar sponsoratet, så er me strålande fornøygde med at Mowi tek over stafettpinnen og overtar som sponsor for kretscupen. Me gledar oss til å samarbeide med Mowi framover - og med dette kan me framleis tilby ein motiverande kretscup til våre unge lovande langrennsløparar og våre nye rekruttar som me ynskjer velkomen til å delta på kretsrenn med litt ekstra motivasjon med Kretscupen som går fram til mars. 
Kretscupen - gjennomføring
Kretscupen med poengstilling gjeld i årsklassane frå 13 år til og med 19/20 år, jenter og gutar. Dei som er yngre enn 13 år har også eigen kretscup. Her vert antalet startar i kretsrenn som inngår i kretscupen registrert og dei som fullfører 5 renn får ein kjekk "fullført kretscupen-premie" frå Skikretsen.
Poengsystemet for 13 - 20 år:
Me nyttar same poengsystem for alle individuelle kretsrenn. Dei som representerer klubbar utanfor kretsen vert tekne ut av lista for poengberekning. Følgande poengfordeling:
|
Plassering |
1 |
2 |
3 |
4 |
5 |
6 |
7 |
8 |
9 |
10 |
11 |
12 |
13 |
14 |
15 |
16 |
17 |
18 |
19 |
20 |
|
Poeng |
100 |
95 |
90 |
85 |
80 |
75 |
72 |
69 |
66 |
63 |
60 |
58 |
56 |
54 |
52 |
50 |
48 |
46 |
44 |
42 |
Teljande renn
For dei opp til 13 år (8 - 12 år), så gir 5 startar i kretscuprenn ein fullførd kretscup-premie og ein er med i konkurransen om uttrekkspremiar. (urangert)
For 13 – 16 år gjeld dei 7 beste resultata + finalen samanlagt. Det er ikkje doble poeng i finalen.
For 17 – 20 åringane gjeld dei 5 beste renna + pluss finalen samlagt.
Premiering
Det vert premiering for dei som fullfører 5 renn i aldersgruppa 8 - 12 år. Pokal, gåvekort for dei 3 beste i 15 - 20 års klassane og uttrekkspremiar blant dei som har fullførd kretscupen med nok renn. Premieringa skjer etter finalen på Bulkenrennet 7. mars for 13 - 20 år og etter Vargarrennet 15. mars for 8 - 12 år.
Gul trøye

For aldersgruppa 15 – 20 år vert det gul leiartrøye i cupen.
Følgjande renn inngår i årets kretscup:
| Dato | Arrangement | Øvelsar | Arrangør | Notat/andre renn |
| Utsatt - | Sparebankrennet | Langrenn friteknikk | Voss IL | Ny dato oppdaterast |
| Lør 3. jan | Røldalsrennet | Langrenn klassisk | Røldal IL | |
| Lør 10. jan | Samnangerrennet | Langrenn friteknikk | Samnanger IL | |
| Lør 17. jan | Vestlandske Skistemna | Skiathlon (friteknikk - 12 år) | voss IL | |
| Lør 24. jan | KM Korlevollrennet | Friteknikk lang | IL Korlevoll - Odda | |
| Søn 25. jan | KM Røldalsrennet | Klassisk langrenn | Røldal IL | |
| Lør 31. jan | Ulvikarennet - kveldsrenn | Langrennskross - friteknikk | Ulvik IL | |
| Lør 14. feb | Fanarennet | Langrenn klassisk | Fana IL | |
| Søn 15. feb | Vikingrennet | Friteknikk | Tif Viking | |
| Lør 7. mars | Bulkenrennet finale | Friteknikk | Bulken IL | Finale for 13 - 20 år med premiering |
| Lør 14. mars | Bjørgumkrossen | langrennskross | Bjørgum IL | |
| Søn 15. mars | Vargarrennet | Langrenn klassisk | Vargar IL | Finale for 8 - 12 år med premiering |