Hopp til innhold

Påmelding felles opplegg nasjonale renn - langrenn hordaland

Hordaland skikrets organiserer støtteapparat med smørjeteam, samt overnattingstilbod til nasjonale renn i langrenn. Sjå meir informasjon.

Før me gjer våre siste førebuingar før vinterens rennsesong for nasjonale renn, så treng me å få kartlagt kor mange som har planlagt å delta på dei nasjonale renna som gjeld for aldersgruppa 15 - 20 år. Gjennom førehandspåmelding vil me kunne avklare overnattingsbehov og planlegging for støtteapparat med smørjeteam i god tid før sesongen med dei nasjonale renna startar opp. 

Me har utarbeida eit informasjonsskjema for vårt fellesopplegg, som vil verte oppdatert med informasjon etter kvart som den er avklart.  Her står det informasjon om kvart renn. Skikretsen ynskjer å fange opp alle som vil ha skia preparert av Hordaland skikrets og dei som ynskjer å ta del i vårt felles overnatting på dei nasjonale renna.

informasjonsskjema om dei nasjonale renna - Hordaland

For å kartlegge kva omfang vårt støtteapparat skal ha og behovet for overnatting, så har me laga ein førehandspåmelding for å kartlegge kvar enkelts plan for vinteren og dei nasjonale renna. 

Førehandspåmeldinga er ikkje bindande, men vil vere bindande etter ein oppfølging per epost i forkant av kvart arrangement. Herunder spesisfisering av overnattingstilbodet, ca kostnad og anna. Den oppfølginga vert gjort kontinuerleg med informasjon om overnatting/kostnad, arrangementet, organiserng og avbestillingsfristar etter kvart som arrangementa nærmar seg. 

Er det manglande kapasitet på overnattingsstadane kan me ikkje garantere at alle foreldre får plass, då vil me prioritere dei viktigaste funksjonane i støtteapparatet på desse stadane. Dette har me ein open dialog på med påmeldte.

Frist for førehandspåmelding til overnattingstilbodet og felles opplegget er 10. november. 

Informasjonen på denne sida med informasjonsskjema for dei nasjonale renna vert oppdatert undervegs og anna informasjon vert formidla via mailadressa de har oppgitt på førehandspåmeldinga. 

Hugs at det er 1 person per utfylling av skjema - slik at kvar rolle er separat og kvar førehandspåmelding er unik. 

Førehandspåmelding nasjonale renn - felles opplegg 

Frist 10. november!

NIF-EPI01, 01