Hopp til innhold

Kretssamling langrenn Voss

20. - 22 september er det kretssamling for juniorar og for dei som skal opp i hovudlandsrenn alder (15 - 16 år). Samlinga vert på Voss ski- og tursenter, der det også vert rulleskirenn laurdag 21. september.

Velkomne til kretssamling for alle 15 - 16 åringar og juniorar i langrenn.

Samlinga går som ei helgesamling der deltakarane også får muligheten til å vere med på rulleskirenn. Me bur på Voss- ski og tursenter under helga. Program vert oppdatert til helga 15. sept. 

Juniorane melder seg på via tilbakemelding på mail. 15 og 16 åringane melder seg på via lenkje. 

PÅmelding krETSSAMLING LANGRENN 20. - 22. SEP  

Påmeldingsfrist søndag 15. september

Rulleskirenn

Laurdagens rulleskirenn vert ein del av programmet og de melder dykk på via eigen påmelding, som de gjer til vanlege renn. Rennet er sjølvsagt også opent for alle dei som ikkje skal vere med på samlinga. Sjå meir om rennet og meld dykk på, store og små!

RULLESKIRENN Friteknik og KLASSISK laurdag 21. SEP 

NIF-EPI01, 01