Hopp til innhold

Flotte vinterlege rammer under årets Hovudlandsrenn på Gålå.

Hordalandsløparar slo til på Hovedlandsrenn

I helga deltok 18 langrennsløparar frå Hordaland på Hovedlandsrenn for 15 - 16 åringar. Ein av dei var Håkon Samnøy Skjeldal som nytta høvet særs godt!

Det var spente Hordalandsløparar som reiste til Gålå for å delta på det som er det uoffisielle norgesmeistaskapen for 15 - og 16 åringane. Det vart ei lærerik og begivenhetsrik helg!

Renna starta med fredagens friteknikk distanse. Her viste fleire at dei er å rekne med heilt i toppen. Nemnte Håkon Samnøy Skjeldal, Voss IL slo til med siger på 7,5 km friteknikk. Me må tilbake til 2010 sist nokon frå Hordaland skikrets klarte det, når Gaute Kvåle Røldal IL gjorde same bragda. Tett på topplassering var også Yvonne Berge Børsheim, Voss IL som enda på 4. plass berre 11 sekund frå siger  i J16. Lagvenninne Emma Rongve Brattebø gjorde også eit toppløp og enda på 13. plass i same klassen. Mange andre Hordalandsløparar gjorde det godt i dei store startfelta med konkurrentar frå heile landet. Me nemner spesielt Sigrid Døssland som med 27. plass i jenter 15 år gjorde det sterkt. Ane Rognebakke i same klassen og også frå Voss IL enda på ein fin 43. plass. Blant gutane i 15 års klassen gjorde Didrik Helle Bruås det godt med sin 48. plass. 

For fleire resultat og gode plasseringar av Hordalandsløparane. Sjå
resultat Hovedlandsrennet 2024

Håkon Samnøy Skjeldal på toppen av pallen!
Les meir om bragda til Håkon i Avisa Hordaland.


Yvonne var nær pallen under fredagens friteknikk-renn. Sjå meir i Avisa Hordaland.

Laurdagen var det sprint og her var det Yvonne Berge Børsheim som gjorde det best blant våre med sin 21. plass. 

Søndagen var det stafett og her plasserte våre to jentelag seg på 16. og 55. plass. Våre to gutelag vart nr. 20 og 64. 

Gutane frå Hordaland klare for stafett! f.v. Eirik Brattebø, Olav Ferning, Håkon Samnøy Skjeldal, William Samland Eik og Jesper Schøning Busch.  


Ikkje eit Hovedlandsrenn utan dyktige og engasjerte i støtteapparatet. Takk for innsatsen!

NIF-EPI03, 03