
Kretscup og romjulsrenn
Langrenn startar opp med fyrste kretsrenna i jula med renn i friteknikk på Voss 2. juledag og renn i klassisk teknikk i Røldal 28. desember. Dette markerer også starten på kretscupen. Ikkje gå glipp avsesongens første renn!
Kretsrenn i Romjula
Voss IL inviterer til sesongens opningsrenn for langrenn i hordaland. Det skjer 2. juledag i Voss ski- og tursenter. Rennet går i friteknikk. Hugs tidleg påmeldingsfrist fredag 20. desember kl. 23.55 pga. jula.
Påmelding og informasjon Sparebankrennet 2. Joladag
Førehandspåmeldingsfrist fredag 20. desember.
Laurdag 28. desember er det Røldal IL som inviterer til sitt tradisjonelle romjuls/nyttårsrenn i klassisk teknikk.
Påmelding og informasjon Røldalsrennet 28. desember
Førehandspåmeldingsfrist torsdag 26. desember
Kretscupen langrenn Hordaland 2024-25
I samarbeid med Recover vert det også i år kretscup for alle deltakarar frå 8 til 20 år!
Kretscupen med poengstilling gjeld i årsklassane frå 13 år til og med 19/20 år, jenter og gutar. Dei som er yngre enn 13 år har også eigen kretscup. Her vert antalet startar i kretsrenn som inngår i kretscupen registrert og dei som fullfører 5 renn får ein kjekk "fullført kretscupen-premie" frå Skikretsen.
Poengsystemet for 13 - 20 år:
Me nyttar same system som Verdscupen i langrenn, med følgande poengfordeling:
Plassering |
1 |
2 |
3 |
4 |
5 |
6 |
7 |
8 |
9 |
10 |
11 |
12 |
13 |
14 |
15 |
16 |
17 |
18 |
19 |
20 |
Poeng |
100 |
95 |
90 |
85 |
80 |
75 |
72 |
69 |
66 |
63 |
60 |
58 |
56 |
54 |
52 |
50 |
48 |
46 |
44 |
42 |
Teljande renn
For dei opp til 13 år, så gir 5 startar i kretscuprenn ein fullførd kretscup-premie og er med i konkurransen om uttrekkspremiar. (urangert)
For 13 – 16 år gjeld dei 8 beste resultata + finalen samanlagt. Tour de Hardanger gjev doble poeng og baserer seg på samanlagtlista. Det er ikkje doble poeng i finalen.
For 17 – 20 åringane gjeld dei 5 beste renna pluss finalen som poenggrunnlaget for cupen.
Premiering
Det vert premiering i årets kretscup samanlagt frå Hordaland skikrets. Premieringa skjer etter finalen med uttrekkspremiar i tillegg.
Gul trøye
For aldersgruppa 15 – 20 år vert det gul leiartrøye i cupen.
Følgjande renn inngår i årets kretscup:
Dato | Arrangement | Øvelsar | Arrangør |
Tor 26. des | Voss Sparebankrennet | Langrenn friteknikk | Voss IL |
Lør 28. des | Røldalsrennet | Langrenn klassisk | Røldal IL |
Lør 11. jan | Samnangerrennet | Klassisk | Samnanger IL |
Lør 18. jan | Langrennskross | Friteknikk | Bjørgum, Viljar og Voss |
Søn 19. jan | Korlevollrennet | Friteknikk | IL Korlevoll-Odda |
Lør 25. jan | KM Parkrennet | Friteknikk | Voss IL |
Søn 26. jan | KM Vestlandske skistemna | Klassisk lang | Voss IL |
Lør 1. feb | Viljarrennet | Langrenn klassisk | Viljar IL |
Søn 2. feb | Bulkenrennet | Langrenn friteknikk | Bulken IL |
Lør 15. feb | Vikingrennet | Friteknikk | Tif Viking |
Søn 16. feb | Fanarennet | Klassisk | Fana IL |
Søn 23. feb | Ulvikarennet - kross | Friteknikk | Ulvik IL |
Lør 1.mars | Tour de Hardanger | Korlevoll IL /Røldal IL | |
Søn 2. mars | Tour de Hardanger | Korlevoll IL /Røldal IL | |
Lør 22. mars | Ørnar kretscupfinale | Fri -10 år Fellesstart 11 -- | Ørnar IL |
Søn 23. mars | Vargarrennet VM | Klassisk | Vargar IL |
Tre glade fullførde frå fjorårets kretscup med Yvonne, Astrid og Emma.